<$BlogRSDUrl$>

18.4.04

Dagens Blix 

Er her Nokon, som vil høyra / Største Under kjent paa Jord,
Kom daa hit og laan ditt Øyra / Til det store Engleord:
"Jesus han er ikkje her, / Han or Grav uppstaden er.
Kvi vil de i Graver aude / Søkja Livet millom Daude?"

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 72

Denne salmen har fått eit ufortent dårleg rykte. Dette første verset er vel ikkje all verda, ein nokså enkel parafrase over påskeevangeliet frå Lukas 24. Men det djerve intertekstuelle spelet til Blix overraskar og imponerer meg stadig. Han er rabbinar på høgt nivå. I dag ser eg noko i andre verset som eg ikkje har sett før:
Ja det var eit Herrens Under / Utan Like under Sol.
Verdi laag i djupast Blunder, / Yver Graver Hanen gol:
Sjaa, daa rann or Livsens Os / Ut ein Straum av Liv og Ljos!
Daudens Engel Sverdet vender, / Daa Guds Son av Daude stender.
Her trur eg Blix skildrar oppstoda som ei ny skapingshending. Blix sin bibelske heimstad er og blir Edens hage, han er aldri heilt blitt kasta ut derifrå, og det er der vi finn han i dag òg. Den tredje lina, med ein "Straum" som renn or "Livsens Os", les eg på bakgrunn av 1 Mos 2,6 og 10. Samstundes spelar han på understrengar som "livets vatn" og "livets kjelde". Her får vi nøye oss med ein referanse, Op 22,1. Og engelen med sverdet? Sjå på 1 Mos 3,24.

Og med det er vi gjennom alle påskesalmane til Blix. Men hugs at påska er for viktig til å avgrensast til påskeferien: Den varar heilt til pinse!

Heile salmen (.pdf-fil).
Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?