<$BlogRSDUrl$>

28.4.04

Kjeldegransking 2 

Måndag var eg på Riksarkivet, i lag med bror Per Kristian. Mest interessante funn: I arkivet til Kyrkje- og undervisningsdepartementet ligg ein del brev frå 1861-62 frå tidlegare elevar ved lærarseminaret i Tromsø. Desse seminaristane hadde fått mykje offentleg støtte til seminarutdanninga si, mot ei pliktteneste på sju år i skolen i Tromsø stift. Dei fleste som reiste til hovudstaden for å studere (og det vart ein del av dei nett i åra rundt 1860) hadde ikkje oppfylt denne plikta si. I 1861 skjerpa Stiftsdireksjonen i Tromsø regimet, og seminaristane fekk krav om tilbakebetaling. Det førte til ein flaum av søknader om fritak. Stiftsdireksjonen stod strengt på sitt, men departementet var noko mildare stemt, så fleire av studentane vart fritekne eller fekk beløpet redusert.

Noka sak om Elias Blix har eg ikkje funne enno. Eg har han mistenkt for å ha vore så framsynt at han søkte før han reiste til Kristiania. Men fleire av omgangsvenene hans har eg funne. Resultatet er eit langt meir nøyaktig bilete av miljøet Blix vanka i. No veit eg mykje om Johan Olsen, Carl Johan Nielsen, Ole A. Johannesen og Ole Tobias Olsen som eg ikkje har visst før.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?