<$BlogRSDUrl$>

28.4.04

Støylen-seminaret 

Det har hendt mykje sidan sist eg hadde høve til å "blogge" noko særleg, så eg får prøve å oppsummere litt. Laurdag 24. april heldt Nynorsklaget og Uranienborg kyrkjelyd for tredje gong det årlege salmeseminaret sitt. Det begynte i Blix-minneåret 2002, heldt fram med Anders Hovden i fjor, og i år var det Bernt Støylen som stod for tur. Eg var med for første gong. Det var ein gild dag, det må ha vore nær 70 frammøtte, mellom dei mange av etterkommarane etter Bernt Støylen. God salmesong og interessante føredrag ved Leif Mæhle, Per Lønning, Åge Haavik og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Vi vart godt kjende med salmane til Støylen, og vi fekk nokre gløtt inn i arbeidet som låg bak Nynorsk salmebok frå 1925. Støylen, Hovden og Peter Hognestad sat i komiteen som laga den boka.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?