<$BlogRSDUrl$>

4.5.04

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 9,25-29
25 som han og segjer hjaa Hoseas: "Eg vil kalla det mitt Folk, som ikkje var mitt Folk, og henne den elskade, som ikkje var elskad;
26 og det skal henda paa den Staden, der det var sagt til deim: de ero ikkje mitt Folk, der skulo dei verta kallade den livande Guds Born."
27 Og Esaias ropar ut yver Israel: "Um Talet paa Israels Born er som Havsens Sand, so skal daa berre Leivningen verta frelst;
28 for sitt Ord fullfører han og gjerer det snøgt av i Rettferd; for eit snøgt avgjort Ord skal Herren utføra paa Jordi."
29 Og som Esaias fyre heve sagt: "Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit Sæde, so var me vortne som Sodoma og vortne like med Gomorra."
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Å omsetje det nye testamentet inneber òg å omsetje store delar av det gamle. Det nye testamentet er fullt av sitat og allusjonar, og dette avsnittet er eit godt døme. Dei siterte versa er Hosea 2,23 og 1,10; Jesaja 10,22-23 og 1,9.

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
[Oppdatering, 05.05.2004: Les heile kapitlet.]
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?