<$BlogRSDUrl$>

26.5.04

Studieplan 1860 

Eg sit framleis og filar på kapitlet om Blix si studietid på 1860-talet. Eg skulle levert eit utkast tidleg i mai, no vert det visst til pinse.

Det var nok ikkje så lett å vere student i dei dagane. Studierettleiing var det lite av, og mange oppdaga seint at dei hadde lagt studiet sitt lite effektivt opp. Mange studentar trong meir enn dei tilmålte tre åra (etter artium og examen philosophicum) for å få embetseksamen. Men vi finn faktisk noko så moderne som ein rettleiande studieplan hos Gisle Johnson, eit Methodologisk Schema for et 3aarigt theologisk Studium:
Første år:
• teologisk encyklopedi (innføring i teologien)
• bibelsk lingvistikk, innleiing, historie, geografi og arkeologi
• det gamle testamentet: tolking av Første Mosebok
• det nye testamentet: tolking av evangelia, Apostelgjerningane, og Romarbrevet
• kyrkjehistorie
Andre år:
• kyrkjehistorie
• det gamle testamentet: poetiske og profetiske bøker
• det nye testamentet: resten av brevlitteraturen
• dogmehistorie
Tredje år:
• det nye testamentet: Hebrearbrevet og Johannes' openberring
• repetisjon av bibeltolking, bibelhistorie og kyrkjehistorie
• symbolikk (studiet av kyrkja sine vedkjenningsskrifter)
• systematisk teologi
Denne utgåva avslutta førelesningsrekkja Theologisk Encyclopædi i 1858, etter I. Ottesens referat (Menighetsfakultetets arkiv), attgjeve i Vidar Haanes, "Hvad skal da dette blive for prester" (Trondheim, 1998), 176, note 67.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?