<$BlogRSDUrl$>

26.6.04

Blix på CD 

"Blix på CD Kan det vere von for verda likevel? spør meldar"

Slik presenterer framsida av Vårt Land i dag meldinga mi av Dvergmål-plata Song i himmelsalar, som vart lansert i går. Sjølve meldinga står på side 20-21. Teksten er ikkje lagt ut på nett, men det er mogleg å kjøpe papiravisa i elektronisk format (.pdf).

Eg framtrer som endå meir verdikonservativ enn eg likar å famstille meg, ser eg; oppslaget står på same side som eit langt utdrag frå Alf van der Hagens leiar i Morgenbladet denne veka, med tittelen "Verdikonservatisme i dag". Det kan eg leve med. Verre er det at VL har utstyrt meldinga med ein bokmålstittel ("Blix følger oss helt hjem"). Men språkfeila mine, som dei har gløymt å rette, får eg ta på mi eiga kappe.

I tillegg til Song i himmelsalar omtalar eg òg, noko meir kortfatta, CD-platene til Kine Hellebust og Bodø Domkor.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?