<$BlogRSDUrl$>

11.6.04

Dagens Blix/Løvland 

Frå Korleis Hans Ross vart maalmann
Etter eit møte i det norske samlaget sat me og godrøa nokre karar og daa fortalde professor Blix soleis: Me var nokre eldre og yngre akademikarar som gjekk her og var maalmenn i sekstiaari og drøymde um aa gjera noko attaat det Ivar Aasen og Vinje dreiv med. Me fann daa paa aa skipa eit lag. Hans Ross som hadde kome heim fraa utlandet og gjekk her med stort skjegg og var Europear, sumtid i knebukser og saag ut som ein engelsk lord, laut vera formann, og me fekk hus hjaa han paa Karl Johan, det var "hovedkvarteret," endaa um me av og til samlast hjaa andre. Laget kalla me "felaget" og valde H. E. Berner til fehirdi. Det var ein lett post, for der var inkje noko fe. Men so var det tvo unge menn som gjorde den bragelovnad, at finge dei laud til filologisk embetseksamen, so skulde dei blota 5 dalar kvar til felaget. Det var dei seinare rektorar Marius Nygaard og Jan Johansen. Jau, dei fekk laud og fehirdin fekk 10 dalar i kassen. Men dette felaget var det fyrste upptaket til Det norske samlaget.

J. L. [= Jørgen Løvland]
-----------
Den 17de Mai 14.10.1920

Kjeldekritisk merknad: Det er ein 72 år gammal mann (Løvland døydde i 1922) som fortel om hendingar som ligg 25 år attende eller meir. Men dette vesle stykket er ei viktig kjelde til utviklinga av landsmålsnettverket i hovudstaden i 1860-åra.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?