<$BlogRSDUrl$>

7.6.04

Dagens Blix/Paulus 

Rom 11,1-4
1 Eg segjer difyre: Heve Gud daa forkastad sitt Folk? Langt derifraa! for eg er og ein Israelit, av Abrahams Ætt, av Benjamins Stamme.
2 Gud heve ikkje forkastad sitt Folk, som han fyreaat kjende. Elder vita de ikkje, kvat Skrifti segjer um Elias? korleides han stig fram fyre Gud imot Israel, segjande:
3 "Herre! Profetarne dine drap dei, og Altari dine reiv dei ned, og eg vart aaleine atter, og dei standa meg etter Livet."
4 Men kvat segjer det guddomlege Svar til honom? "Eg leivde meg sjau tusund Mann, som ikkje bøygde Kne fyre Ba'al."
5 Soleides er daa og i denne Tid ein Leivning etter Naadens Utveljing vorten atter.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Førre kapitlet.
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 7.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?