<$BlogRSDUrl$>

2.6.04

Dei ti beste 

Dessutan presenterte Dag og Tid "ei uhøgtidleg rangering av dei beste nynorske salmane" (i Norsk Salmebok). Vinnaren les du her. "Jury" er Liv Ingebrigtsen, Roger Lockertsen og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Samtidig med Dag og Tid si uhøgtidlege kåring av noko så høgtidleg som dei beste salmetekstane, har Morgenbladet hatt ei svært høgtidleg, påkosta og vidt publisert kåring av noko så ... ja, kva for ord skal ein bruke om "dei ti beste unge forfattarane i Noreg"? "Høgtidleg" er i alle fall ikkje ordet til å karakterisere Olaug Nilssen, Mathias Faldbakken (Abu Rasul) eller Carl Frode Tiller ...

Tilfeldig? Neppe!

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?