<$BlogRSDUrl$>

2.6.04

Eskeland 

Den andre kyrkjedobbeltsida i siste Dag og Tid handla om Eskeland-seminaret på Voss 23. mai. Lars Eskeland (1867-1942) var "folkehøgskulemannen som vart katolikk". Han konverterte i 1925, noko som nær hadde kosta Voss Folkehøgskule statsstøtta.

I min snevre samanheng er Eskeland interessant fordi han har skrive det vesle heftet Norsk salmesong: Elias Blix (1904).

Dessutan har eg han mistenkt for å ha arbeidd med ei større Blix-bok på 1920-talet, ei det ikkje vart noko av. Det var nemleg i Eskeland sine etterlatne papir eg fann det store Blix-materialet i Bergen.

Veit nokon der ute meir om dette, er eg svært nyfiken. Det er vel ikkje utelukka at det gåtefulle brevet eg siterte i går (T. Hannaas til H. P. Blix) òg kan ha noko med dette å gjere.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?