<$BlogRSDUrl$>

1.6.04

Minnesmerket 

I dag er det 125 år sidan Carl Johan Nielsen vart funnen død i Akerselva, 1. juni 1879. Han var meld sakna frå heimen sin i Wergelandsveien alt 1. mai. Litteraturen om Elias Blix nemner ikkje denne tragedien i den næraste venekretsen hans, men sjølvmordet til Nielsen er ope omtala i fleire kjelder.

Carl Johan Nielsen frå Lurøy på Helgelandskysten høyrde til Elias Blix sin aller næraste venekrets. Dei var jamaldringar, begge var fødde i 1836. Nielsen tok eksamen ved seminaret i Tromsø i 1857, det året Blix vikarierte der som lærar, og vart omgangsskolelærar for samisktalande barn i Lyngen. Her hadde han ein markant kollega i kyrkjesongar Hans Bjerke (1796-1876), sunnmøringen som levde heile 40 år som lærar, lensmann og klokkar i Lyngen. Ivar Aasen hadde møtt han på Tromsø-ferda si i 1851, og det kan sjå ut til at Bjerke hadde ei viss interesse for Aasen og det han dreiv med, i det minste ut frå ein lokalpatriotisk synsstad. Men det er vel grunn til å tru at venskapen med Blix spela ei større rolle enn eventuell påverknad frå Bjerke når Nielsen vart aktiv målmann. Han var i alle fall sterkt engasjert i målsaka og sat jamvel i det første styret i Det Norske Samlaget, saman med Blix og Hagbard E. Berner. Nielsen hadde òg nær kontakt med to av dei yngre Tromsø-seminaristane som vart aktive målfolk, søskenbarna Anton Chr. Bang og John Klæbo, som begge delte bustad med Nielsen ei tid.

Det var i august 1859 Nielsen kom til hovudstaden, samtidig med Elias Blix og fleire andre Tromsø-seminaristar. Dei hadde same plan: å ta artium og studere teologi, same problem: økonomien, og same løysing: å arbeide som lærarar for å ha noko å leve av, medan dei studerte så godt dei kunne. Dei kom frå periferien i dobbel forstand, både sosialt og geografisk. Dei ville prøve å arbeide seg oppover i det nye norske klassesamfunnet, i ei tid da færre enn hundre personar årleg avla examen artium – på landsbasis – og godt under ti prosent av dei kom frå bonde- eller arbeidarbakgrunn. Dei var – med eit moderne ord – klassereisande.

Det første året arbeidde Nielsen i allmugeskolen, men deretter fekk han arbeid ved Nissens latin- og realskole, noko som gav større rom for sjølvstudium. Seinare fekk Blix arbeid ved same skolen. Carl Johan Nielsen skulle ikkje berre dele arbeidsplass og interessa for målsaka med Elias Blix, han var òg hans mest trufaste turkamerat på dei talrike fotturane i sommarferiane. Den første vi kjenner til, er den namngjetne 1861-turen gjennom Valdres, Sogn, Hardanger, Voss og Telemark saman med Ole Tobias Olsen, den siste er ein Rondane-tur sommaren 1878.

Fleire har skildra venskapen mellom Blix og Nielsen, og alle har lagt merke til kontrastane. Nielsen var "likso uvyrden som Blix var fin og var," fortel Halvdan Koht. Han gjekk gjerne under namnet "Norges Løve" i studentmiljøet, på grunn av temperamentet sitt og dei kraftige nasjonale sympatiane. Han var ein sterk, for ikkje å seie omsynslaus, debattant, og det var dei som meinte han kunne drive det langt som politikar. A. Chr. Bang har gjeve ei livleg skildring av hans slåande argumentasjon i samband med ein diskusjon mellom seminaristar og frikyrkjelege i Tromsø ein gong på 50-talet:
Saa begyndte man, som sædvanligt, at disputere om Barnedaaben og Statskirken. Paa Lammersianernes Vegne førtes Ordet af en paagaaende og dømmesyg Mand ved Navn Johan A. I. Bomstad, paa Seminaristernes Side optraadte Carl Johan Nielsen, "Norges Løve", som han senere blev kaldt blandt sine Studenter-Kamerater. Han var født Disputator, at disputere var hans Liv, at sætte sin Modstander fast var hans mindste Kunst. Det varede derfor ikke længe, før Argumenterne slap op, og Bomstad havde intet mere at sige; de to Kamphaner røg da løs paa hverandre, og Forhandlingerne om Barnedaaben og Statskirken gik over til et almindeligt Slagsmaal, hvoraf Seminaristerne gik ud som Seierherrer.
(Erindringer s. 98)
Studiet til Nielsen gjekk det ikkje så bra med. Han gjennomførte artium og andre-eksamen, men teologistudiet avslutta han aldri. Han vart gåande som lærar i hovudstaden, sist ved katedralskolen. Han var høgt respektert som lærar, og han var svært aktiv i lærarforeininga i byen og på dei regionale lærarmøta. Men han var ikkje tilfreds. Koht ("Gamle samlagsminne og samlagsmenner", Syn og Segn 12, 1908) fortel at han søkte "fyrvaktarpostar og slike umbod," Wiik at han søkte skoleinspektørposten i Tromsø (1874), men han fekk ingen av desse stillingane. Av eit brev frå søstera Jonella B. Willichsen (dagsett 7. januar 1879) går det fram at han var svært deprimert. Yngvar Nielsen er den som har gått lengst i å spekulere i årsaker:
Der gik da store Ord om disse flinke Nordlændinger, som kunde bryde sig selv Vei. Saa blev det som en Selvfølge, at alle Nordlændinger skulde forudsættes at være ligesaa f1inke og ligesaa store Lys, som Blix og nogle Aar senere Bang. Dette blev vistnok Carl Johan Nielsens Ulykke. Han var med store Forventninger om sin egen Fremtid kommen til Universitetet. Han var en snil og hyggelig Mand. Men det var ikke nok. Der var noget, han manglede, og det var ikke alene Dygtigheden, men kanske ogsaa Energien.

Livet bød ham ikke senere, hvad han havde ventet. Han fik aldrig Embedsexamen og sled sig igjennem som Timelærer paa Nissens Skole. Hans gamle Kamerater steg høit opad i Samfundet, medens han trods sin Selvbevidsthed laa efter. Han gjorde Indtryk af at være en modig, freidig Natur og kaldtes gjerne Norges Løve. Tilsidst blev det ham alligevel for trykkende her i Livet, og han fortrak fra Skuepladsen. Men der var mange, som bedrøvedes, da Budskabet kom om, at han ikke mere var i de Levendes Tal. Imidlertid blev det forstaaet, hvor skuffet han maa have været, og dette forøgede Smerten hos hans nære Venner. Ganske vist hørte ikke jeg med til dem. Men der var over Manden noget sympatisk, som jeg altid syntes godt om, og jeg mente nu som saa, at han vel ogsaa maatte kunne have fundet sin Plads og sin Gjerning i Livet.

Det var en deilig Sommeraften, som jeg reiste opover Fjorden og ombord paa Dampskibet traf Statsraad R. T. Nissen. "Har De hørt det," sagde han – "Norges Løve er vandret heden." Siden sad vi sammen og talte om den Afdøde. Jeg ser ham altid siden i den samme Stemning.

Men jeg har ogsaa et andet Billede af ham. Det var i 1878 paa den Aaret i Forveien aabnede Jernbane til Trondhjem. Munter og glad sad han paa den haarde Træbrenk i en tredie Klasses Kupé og stevnede sammen med sin Ven Blix opad mod Fjeldet. Ved Atna steg de ud og vandrede saa siden indover Vidderne mod Rondane. Livet laa foran den ungdommelige Norges Løve, som om dets Hindringer ikke var værre end de, der bød sig frem oppe ved Atnsjøen. Men hvad det siden var, som egentlig knækkede, ja knuste den livslystne unge Mand, det er af de tungt løste Gaader. Aarsagerne har vel ligget dybt inde og kan være meget vanskelige at udgrunde, selv for den, som maatte have kjendt ham bedst.
(En Christianiensers Erindringer s. 214-216)
Og eg kan jo ikkje unngå å leggje merke til at katastrofen i Nielsens liv fell saman i tid med utnemninga av Elias Blix til professor – kan hende det mest synlege symbolet på hans suksess. Saman utgjer dei to, Blix og Nielsen, ein talande illustrasjon av tap og vinning mellom klassereisande bondeungdom i siste halvdel av 1800-talet.

Eg står i fare for å redusere Carl Johan Nielsen til ein biperson i forteljinga om Elias Blix. Det er å gjere han urett. Kostnadene ved dei perifere kreftenes erobring av sentrum var store, og nokre fall altså på slagmarka. Carl Johan Nielsen fortener sanneleg eit minnesmerke, og han har fått eit, reist av Arne Garborg. Diktet vart første gongen prenta i Fedraheimen. Eg har fleire referansar i hovudet når eg les det, men særleg nær ligg Halldis Moren Vesaas' "Karin Boye funnen død" (1941).
Minnekvæde
(yvi Nordlendingen Karl Johan Nilsen).

Med alle sine gode Venir / han stod nok eine paa Jord.
Aaleine som bøygde Villbjørk / paa Fjellmoen vid og stor.
Og Skyine dreiv upp-yvi, / og det lo i den svarte Tjørn;
men rundt paa aude Viddir / gjekk Rev og raggut Bjørn.

Som straalande Dogg i Soli / hans Tankar glitra og lo.
I stride, ruskande Stormar / han skok seg og skalv, men stod.
Visst ofte han fælin klora / etter Feste paa Kollen graa
og bøygde seg tungt i Stormen, / um ingin slikt kunde sjaa.

Men gjenom farande Tidir / bryt Stormen seg større Veg.
Og i dei lange Nætar / paa Røtane Frosten gneg.
Og fyrr det nokon tenkjer / glid Bjørki av Kollen stilt
og sig med Sukk gjenom Greinir / i Djuve djupt og villt.

Det er ei Kvardags Sogu, / men ho gjeng med mykin Graat.
Ho gjeng som Dynjing um Strendar, / som Sus i Natti vaat.
Det er ei Kvardags Sogu, / tidt høyrd i By og Grend;
men Livsens djupe Jammer / stig syrgjeleg fram i den.
(Frå Kvæde, Skriftir i Samling 6, 318-319)
Tilføying, same ettermiddag: Eg har to uoppklara spørsmål knytte til Carl Johan Nielsen, og eg vågar å stille dei her etter dette straumbrevet (høgnorsk for e-post) frå Per Halse:
Eg undrar meg elles om det kan ligge noko spennande bak det vesle brevkortet frå Nikka Vonen som ligg mellom Blix-papira. Ho var jamaldring, gjekk på Nissens i 60-åra; delte både landsmåls- og fjellinteressa. Men dersom der ikkje finst spor i andre kjelder, er sjølvsagt den korte meldinga i tynnaste laget til å dikte noko slags kjærleikshistorie på ...
Vi kan i det minste sitere. Det handlar om det trykte visittkortet til Nikka Vonen, med følgjande handskrivne tekst, men utan årstal:
[N. V.] sender Herr C. J. Nielsen sin bedste Hilsen med Tak for det tiltænkte Besøg, og beklager Fraværelsen samt beder at Besøget maa gjentages, hvis det er muligt, men helst før Midten af Juli eller efter 22de August.
Eit anna gåtefullt aktstykke frå same samlinga ("Papirer vedkommende Carl Johan Nielsen" i Nasjonalbiblioteket i Oslo, Brevsamling nr. 407, Brev til Elias Blix) er dette brevet frå professor Torleiv Hannaas i Bergen til sorenskrivar Hans Peter Blix:
Bjørgvin, 26.9.1928.

Herr sorenskrivar H. P. Blix!

Etter den rettingi De sende, gjekk det ut det at Carl Johan Nielsen gjekk ikring og greidde små-skuldi si siste dagen han livde.
Skulde det ut?
Beste helsing
Dykkar
Torleiv Hannaas.
Det kan sjå ut til at Hannaas arbeidde med ein tekst der han nemner dødsfallet til Nielsen. Men verken Per eller eg har greidd å identifisere nokon slik tekst. Finst det nokon der ute (i Bergen, til dømes) som kan hjelpe oss?

Send ein kommentar.
# lagt inn 1.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?