<$BlogRSDUrl$>

3.6.04

Tonen 

Tonen til "Ute og heime" vart publisert i Norsk Toneblad for februar 1916 (7. årgangen, nr. 2). Bladet vart utgjeve av P. M. Gjærder i Volda, med Erik Eggen (Voss) som redaktør. Det er spesialisten på den nynorske songskatten Terje Aarset som har funne tonen til meg. I bladet heiter det:
Um tonen til "Ute og heime" skriv Ivar Blix til bladstyret:
"Daa eg trur De kann ha hugnad av aa hava denne tonen, som eg lærde av far min til diktet "Ute og heime", og som han fortalde var fraa Nordland, so sender eg han til Tonebladet. Eg har ikkje høyrt tonen nokon annan stad ..."
(Harmoniseringi er gjord av bladstyret)
No smakar ikkje denne tonen mykje av folketone. Tonespråket er enkelt, men tydeleg i ein romantisk kunstmusikalsk tradisjon, sjølv om eg må seie meg samd med Terje Aarset i at det ikkje er nokon stor melodi. Kven kan komponisten vere?

I sine Erindringer skriv Ivar Blix:
Mine minner om far er helst knyttet til sommeroppholdet i Slependen. Der trivdes han, og jeg husker godt vi gikk sammen i skogen og sang. Han var meget glad i musikk og komponerte selv melodi til sine salmer: "I Jesu namn me stemna fram til himmelhamn" og "Hjelp, ja kvar er hjelp å få". Og jeg studerer på om det ikke er ham som satte melodi til diktet "Ute og heime", som jeg engang satte inn i "Norsk Toneblad".
Om Ivar Blix har rett i det, er altså Elias Blix ikkje berre opphavsmann til teksten, men òg til melodien - som straks blir meir interessant dersom det er ein opphavleg einskap mellom tekst og melodi. Men teksten har heldigvis kvalitetar til å overleve melodien.

Eg minner om at Elias Blix hadde med seg ei grunnleggande musikkopplæring frå seminaret.

Høyr tonen.
Høyr arrangementet.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?