<$BlogRSDUrl$>

10.6.04

Ulysses 

Epifani: Dublin, den 16. juni 1904
Ja for det har aldri hendt før at han har bedt om frokost på sengen med et par egg siden vi bodde på City Arms Hotel da han lot som han var syk og var ynkelig i stemmen og agerte Hans høyhet for å gjøre seg interessant for den gamle hurpa Mrs Riordan som han trodde han hadde draget på

og så vidare og så vidare, side opp og side ned, utan verken komma eller avsnitt, side opp, side ned, heilt til dette, det attande og siste kapitlet i James Joyces Ulysses, der Molly Bloom ligg i si seng og lar si indre skravle gå, er til endes. Men då, når dette kapitlet er lese, kan ein som lesar kjenne noko av den same tilfredsstilling som eg innbiller meg at ein fjellklatrar kan føle når han endeleg når toppen, for då er er ein nemleg kommen til endes, endeleg, i ein av dei både mest berømte og mest berykta romanane i dette hundreårets litteratur, då har ein verkeleg gjennomført ei litterær lesebragd, då har ein drive med litterær tindebestiging, og då kan ein endeleg, til kjend og ukjend, seie at ein har lese Joyce, Ulysses.
(Jon Fosse, Gnostiske essay, s. 216)
Det er mange mål eg ikkje har nådd i vår, men eitt greidde eg: Å lese Ulysses før den 100. Bloomsday, som kjem i neste veke, 16. juni. Så har eg tetta eitt av dei mange hola i mi klassiske danning.

Eg skal innrømme det: Eg har mange gonger hatt same tilhøvet til boka som ein gjennomsnitts 1800-tals latinskolegut til si motviljug tileigna klassiske danning.

Kortversjon: Mann (med slitent ekteskap) i vens gravøl som utviklar seg til større rangel gjennom Dublin - oppdressa til mytologiske dimensjonar gjennom tekstsamspelet med Homers Odysseen. Og så var det visst eit par andre ting.

Om du ikkje rekk gjennom dei 600 sidene før onsdag, kan du jo lese Jon Fosse sitt 5-siders essay i staden. Han er ein god vegvisar.

Og er du i Oslo, kan du vere med på "Pre-Bloomsday Seminar" på universitetet i morgon.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?