<$BlogRSDUrl$>

9.7.04

Blix i Leipzig 

Etter arbeidsdagar i universitetsarkivet, byarkivet, det kyrkjelege arkivet og det offentlege biblioteket i Leipig har eg dette aa fortelje om opphaldet til familien Blix:

1. Den 23. oktober 1871 skreiv Elias Blix seg inn i politiets "Fremdenverzeichnis", med heile sitt hus, saa langt berre fru Emma. Dei hadde altsaa ikkje med seg noka norsk hushjelp, slik venen Bang seinare hadde. Men saa hadde dei heller ikkje born - enno. Blix-familien fekk opphaldslöyve for eit halvt aar, til 23. april 1872. Seinare vart det forlenga med eit halvaar til, til 23. oktober. Som föremaal med opphaldet i Leipzig staar det "Studien", med tilföyinga "Dr. theol." Det er lite truleg at Blix har blöffa med titlar, saa det er vel studiemaalet som er oppgjeve. Folk kom ellers til Leipzig i ymse ärend; paa same sida i framandboka er ei austeuropeisk kvinne innskriven med föremaal "Prostit."

2. Dessutan har Blix gjeve opplysningar om bustad og husvert i Leipzig. Det kan sjaa ut til at han hadde skaffa seg husväre paa förehand, det er ikkje registrert noko opphald paa hotell eller liknande. Blix-familien budde under heile opphaldet hos ein familie Pöschel i Parkstrasse 2. Det er mange kjelder som stadfestar adressa.

3. 8. november skreiv Elias Blix seg eigenhendig inn i universitetsmatrikkelen som student. Han oppgav "Christiania" som födestad, skreiv seg inn som "Ausländer" saman med folk fraa Bayern og Preussen, og oppgav "teologi" som studium. Tilsvarande i politiets "Studentenverzeichnis". Men, og her kjem eit interessant poeng: I den alfabetiske lista over studentar vart Blix oppfört under det filosofiske, og ikkje under det teologiske fakultetet. Og i "Protocoll über die den studirenden ertheilten Studien- und Sittenzeugnisse" staar det òg "Philos." Eg skal argumentere for at Blix si omvending til filologien fann stad i Leipzig. Det skal du faa höyre meir om naar eg kjem heim.

4. Det var mange nordmenn i Leipzig dette aaret. Dei eg veit om, var ved musikkonservatoriet. Pianisten Erika Lie (seinare Nissen) var her, likeeins komponistane Johan Svendsen, Johan Selmer og Ole Olsen. Den siste er spesielt interessant. Han var fraa Hammerfest, og tok svärt aktivt del i den nordlandske foreininga i Kristiania fraa 1880-talet og frametter. Men eg kan ikkje dokumentere nokon kontakt i Leipzig.

Derimot er det tydeleg at unge Emma hadde eit nettverk av norske vener ved konservatoriet. Nokre dagar etter familien Blix kom Johanne Olivia Hoffeldt Rytterager og Sophie Cathinca Jacobsen til byen for aa studere ved konservatoriet, saman med ei fröken Hoffeldt, sannsynlegvis ei tante av Johanne som var med paa reisa som anstand.

5. Hans Peter Blix, född 3. mai 1872 og döypt 19. juni i Nikolaikyrkja, har ogsaa sett mange spor att etter seg i offentlege og kyrkjelege kjelder. Fadrar ved daapen var foreldra og Kathinka Jacobsen, som tydeleg var den näraste venninna til Emma Blix i Leipzig. Tru om dei kjende einannan fraa för?

6. Familien Blix forlet byen 31. juli 1872. Det ser ut til at heimreisa gjekk over Lübeck. Tog til Lübeck, baat heim? Eg veit ikkje.

Vel, det faar vere bra for i dag. Meir sidan.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?