<$BlogRSDUrl$>

19.7.04

Bryllaupsdag 

I dag er det bryllaupsdagen til Emma og Elias Blix. Dei gifte seg i Vår Frelsers kirke (Oslo domkyrkje) 19. juli 1871.

Tilfeldig? Neppe! Det hende på dagen førti år etter at Margrethe Christophersdatter og Peder Christophersen, foreldra til Elias Blix, gifte seg i Gildeskål kyrkje, 19. juli 1831.

Eg kjem i hug ein episode frå vi var prestefolk i Gudbrandsdalen. På Lillehammer fortalde prost Magnor Langset om han som ringte - to år før OL i 1994 - for å bestille tid for vigsel under sjølve leikane. Men han visste ikkje kven han skulle gifte seg med ...

Eg har ikkje Elias Blix mistenkt for å drive tilsvarande planlegging. Men "timinga" var jo god.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?