<$BlogRSDUrl$>

23.7.04

Krabbegang 

Attende til Tyskland: Eg sette meg føre å lese ei bok på tysk under opphaldet der, og valet (i kiosken på jernbanestasjonen i Kiel) fall på Günther Grass' Im Krebsgang (2002). Det var eit godt val, sjølv om det tok litt tid å venne seg til den utprega austlege dialekten til ein av dei sentrale bipersonane.

Norske presentasjonar av boka kan du finne t. d. hos NRK og Dagbladet. Romanen (eller "novella", som undertittelen påstår at det er) har mange lag. Sentralt står forteljinga om torpederinga og forliset til det store passasjerskipet "Wilhelm Gustloff" i januar 1945. Båten var fullasta med flyktningar frå Aust-Preussen, og tapstala (som ingen har full oversikt over) var mange gongar høgare enn "Titanic". Boka sette i gang ein viss debatt i Tyskland. Dette har vore eit fortagt kapittel av tysk krigshistorie. Kan og bør ein no tale om tyskarar som krigsoffer, og ikkje berre om den tyske aggresjonen under krigen? (Kyrre Tomm Lindvig har skrive litt om dette i Prosa 3-2004) Sjølv er eg overtydd om at krig berre har taparar, endå meir etter å ha fått eit visuelt inntrykk av øydeleggingane i Leipzig, gjennom noko ein vanskeleg kan karakterisere som anna enn terrorbombing (Dresden fekk eg diverre[?] ikkje sett på denne turen).

Difor var det andre aspekt ved boka som tala meir til meg. Viktige element er internett (ikkje verst det, av ein mann på 75 år), nynazisme, familie- og generasjonsproblem, og, ikkje minst, det evige spørsmålet "Kan ein lære noko av historia?" Alt tittelen signaliserer den siste problemstillinga. Eg-personen går, som krabben, "baklengs, for å kome framover". Men historia viser seg å vere svært kompleks og gjenstand for ulike og konkurrerande tolkingar. I dette tilfellet får skilnaden i historietolking katastrofal utgang (drap). Dei siste sidene i boka ser ut til å styre mot ein slags "happy end", men nei: Det begynner alltid på nytt. "Das hört nicht auf. Nie hört das auf," lyder den djupt pessimistiske sluttlina.

Meir om Günther Grass, Im Krebsgang (tysk)
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?