<$BlogRSDUrl$>

17.7.04

Krig 1943 

Og no held arbeidet med materialet frå Leipzig fram.

Bybiletet i det sentrale Leipzig, særleg gatenettet, gjev eit godt inntrykk av korleis byen såg ut i 1871-72, då Elias Blix var der. Men store delar av bygningsmassen er ny. Den viktigaste grunnen til det er siste verdskrig. Store delar - nokre kjelder seier ein firedel - av byen vart øydelagt av kraftige allierte bombeangrep, det verste natt til 4. desember 1943. Det er mogleg at bustaden til Blix (Parkstrasse) alt var erstatta av nye hus før krigen, men i alle fall vart heile dette kvartalet øydelagt no. Det same galdt dei monumentale bygningane rundt Augustusplatz, mellom dei Gewandhaus og universitetsbygningane. Ein bygning vart ståande uskadd: Den gamle universitetskyrkja (Pauluskyrkja). Men den vart offer for kommunistisk byplanlegging. I 1968 vart mellomalderkyrkja frå 1200-talet sprengt for å gje plass for eit funksjonelt universitetsområde. Men den gamle Augustusplatz er rikt dokumentert gjennom bilete. Den beste samlinga eg har funne er denne.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?