<$BlogRSDUrl$>

22.7.04

Omgangskrinsen 

Korleis opplevde den nygifte Emma Blix byrjinga på ekteskapet sitt? Å vere med ein akademikarmann på studiereise i utlandet kan vere eit einsamt tilvære. Men Emma Blix var ikkje heilt einsam i Leipzig. I breva ektemann Elias skreiv til si svigermor Marie i mai 1872 nemner han flittige visittar av "frøknene Hoffeldt, Rytterager og Jacobsen". Den siste, med førenamnet Cathinka, var jamvel fadder til Hans Peter Blix ved dåpen 19. juni.

"Frøknene" var komne til Leipzig først i november 1871, nokre dagar etter familien Blix. Det var musikkonservatoriet som hadde ført dei dit, til liks med mange andre norske. Johanne Olivia Hoffeldt Rytterager var fødd i Kristiania i 1849, og altså jamaldring med Emma Blix. Familien Rytterager budde i Kirkegata 2. Barndomsheimen til Emma, Revierstredet 9, låg i nabokvartalet. Det er ikkje usannsynleg at dei var gamle kjende. Johanne må ha vore ein svært gåverik pianist. Dette var ikkje den første utanlandsturen hennar. Alt i 1868 hadde ho skaffa seg pass for å reise til Berlin, den gongen saman med Agathe Backer (Grøndahl). I Leipzig var ho i denne omgangen i to år, fram til 1873. Men ho kom att seinare. I mars 1875 heldt ho konsert i byen. Da oppførte ho Griegs a-mollkonsert og dei tre "Folkelivsbilder" op. 19, med komponisten sjølv i salen. Hennar vidare karriere kjenner eg ikkje, anna enn at eg tilfeldigvis har funne ein referanse til ein konsert ho skal ha halde i Kristiania sist i 1880 eller tidleg i 1881. Ho gifte seg med lækjaren Henning Junghans Thue (f. 1852). Dei hadde ved folketeljinga i 1900 tre barn, og budde i Kristiania.

Caroline Magdalene Sofie Hoffeldt, Johanne si ugifte tante (fødd 1820), var med som følgje ("Begleitung", ifølgje framandprotokollen) under heile opphaldet i Leipzig. Eg veit ikkje anna om ho enn at ho var mora si eldre søster. Men ein får jo ei kjensle av overklassetilhøve.

Men det er tydeleg at det var Sophie Cathinka Jacobsen som stod Emma aller nærast. Ho var òg konservatoriestudent og, får vi tru, om lag på same alder. Diverre har eg ikkje greidd å spore henne opp i andre kjelder. Kan nokon hjelpe meg å finne henne att? Namnet er skrive på fleire måtar, eg har registrert både Cathinca, Cathinka og Kathinka (som ho nytta som førenamn til dagleg), Jacobsen og Jakobsen. Men eg skulle gjerne visst kor ho kom frå, kor ho vart av, og om ho heldt kontakt med Blix-familien seinare.

Emma hadde visst òg spela noko piano i ungdommen, forresten.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.7.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Cathinka er funnen!
Av Blogger Anders, 10:14 a.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?