<$BlogRSDUrl$>

1.7.04

Salmar i Dølen 

Som Blix sjølv fortalde i 1901:
So var det diktaren Aasmund Vinje; han melde salmarne strakst i “Dølen” - paa sin eigen maate, men mykje rosande; han saag i dei ein lovnad “baade um ei norsk salmebok og ei norsk bibelumsetjing.” Fyrr hadde han ofte sagt, at han gjekk med tvo store fyremaal: aa umsetja Homer og bibelen paa landsmaal; men daa det fyrste vesle salmeheftet kom, sagde han: “no tek du bibelen, so greider eg Homer.”
Meldinga stod i Dølen på sjølvaste påskedagen, sundag 28. mars 1869, under overskrifta "Ei ny Salmebok". Vel, sjølve omtalen av Nokre Salmar er unnagjort på nokre få liner. Mesteparten av stykket brukar Vinje til, i kjend stil, å meine mykje om mangt. Han utviklar ein heil religiøs poetikk undervegs:
... for Poeten er altid det mest fullgyldige Uttrykk for si Tid. Han gjeng vel, er han rett god, liksom eit Stykke i Fyrevegen og so dreg si Tid etter sig; men likevel so berer han og paa seg Merket af si Tid.
Men i kyrkja, synest han, vert poetikken overkøyrd av dogmatikken.
Ettersom Diktaren er god til, er han aalmenn. Den sanne Hjartevarmen og den djupe Sukken over det Ufullkomne i Livet og den glade Takken over det Ljos, me hava, det høver for alle Mann. Men di meir ei Salmebok gjere dette, di mindre salmelik er den etter Tanken i alle desse theologiske Partimeiningar, som hava voret dei raadande i denne Grein af Bokriket.
Landstad får god omtale, men jamvel arbeidet hans er problematisk, "for om Theologer kunde finna seg i hans dogmatiske Ord og Vendingar, so er dette ikke so lett gjort med hans norske." Og det er ikkje berre "Motmenn til eit Norsk Maal" som peikar på dette. Når det gjeld dei "Norske Ord og Vendingar her og der inne i desse Salmer i Bokmaalet" må Vinje sjølv vedgå at dei
tidt koma som Haar i Smør. I Vers kjenner du best, at det anten maa vera reint Bokmaal eller reint Norsk. Denne Millomting og dette Blandingsgods er umusikalsk og umogeleg. Der gjelder det framfor Alt, at taka Stiget fullt ut og koma over i den andre Toneart.
Det er på dette punktet at han introduserer Nokre Salmar:
I denne vesle Bok fraa det Norske Samlag, som her er Test for all denne Tale, der hava me ein Mann, som tek dette Stig fullt ut, og derfor verdt der og Tone til hans Tanke og Fylle i hans Følelse. Det er med faa Ord eit utrulegt godt Arbeid, og eg skulde taka myket imiste, om ikke dette er ei Vendebok i vaart theologiske Bokrike. Her er ein Theolog, som baade ved sin Lærdom og i si Dogmatik er urørande og med det Kjenskap til den Norske Tunga og den Dugleiken i Tilgjerd af sit Tanketo, at nokot fullgyldigt kan koma fraa hans Haand sovel i bunden som ubunden Stil. Her er Utsigt baade til ei Salmebok og ein Bibeloversettelse i Landsmaalet. Dette hava Folk som eg lenge ventad paa, og det skal derfor Ingen undras paa, at me ero glade, naar me sjaa Likning til, at slikt kan koma.
Vinje lovar faktisk å omsetje Homer, om han lever lenge nok. Men til bibel og salmar må det til ein som folk lit på som ein truande. "Folk maa tru, at Mannen trur, skulle dei tru paa honom." Det må til "Theologer, som ero faste i dei dogmatiske Haandgrip og Fotlag."

Vinje sluttar meldinga med å gje att "den gode gamle Paaskesalme" "Som den gylde Soli bryter."

Les heile meldinga (.pdf-fil)
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?