<$BlogRSDUrl$>

1.7.04

Utlandet 

Dølen sundag 6. juli 1862:
Solengi eg er i Utlandet, kjem Dølen ut berre ender og daa, ettersom eg skriver heimatter.

Utgjevaren.
Eg les Reidar Djupedal si forvitnelege utgåve av Dølen som sommarlektyre for tida. Det er eit fantastisk kapittel i soga om norske massemedium. Og det er ikkje fritt for at eg dreg samanlikningar med mi eiga verksemd på BlixBlog - sjølv om den verken femnar like vidt eller er like åndfull som verksemda til Vinje. På den andre sida skaffar ikkje BlixBlog meg slike pengesorger som dei Dølen påførte Vinje.

Men ein ting er likt: Om sommaren må vi ut, Vinje og eg. Vinje var på den store englandsferda si sommaren 1862. Eg reiser til Tyskland over helga, for å gå etter fotefara til Emma og Elias Blix i Leipzig. Du høyrer frå meg i morgon. Så kan det gå nokre dagar, men følg med. Eg lovar å "skrive heimatter ender og daa".

Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?