<$BlogRSDUrl$>

5.8.04

Blogging frå Bodø 

Ei veke i Gildeskål er til ende. Eg har vore på flyplassen i Bodø med nokre slektningar. No set eg kursen sørover att.

Når eg kjem heim, har eg mykje å fortelje: Om båt- og bilturar til Blix-heimgrenda, Våg på Sandhornøy. Om rundtur i Beiarn på jakt etter Elias Blix sine røter på farssida. Og ikkje minst, om gode hjelparar: Live og Jan Kåre Jakobsen (svigerinna mi og mannen) som har stilt hytta si på Røssnes i Gildeskål, "Mamre", til disposisjon. Oscar Berg, historikar og museumsmann, som viste meg rundt sjøvegen i Elias Blix' rike. Øystein Ringaker, gardbrukar, lokalhistorikar og mykje meir, som har kartlagt Elias Blix si farsslekt i Beiarn attende til 1500-talet. Er du riktig grei, skal du få sjå nokre bilete etter kvart.

Noko meir? Veret! Strålande sol og varme ei heil veke. Eg har BADA ved Sandviksanden ("ei lysande strand mellom høgfjell og fjord"!

Reiser innom Mo i Rana for å leite etter kjelder og litteratur om ranveringane Ole Johannessen og Ole Tobias Olsen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?