<$BlogRSDUrl$>

11.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Evangeliet etter Johannes.
1ste Kapitlet.

I Upphavet var Ordet, og Ordet var hjaa Gud, og Ordet var Gud.
2 Dette var i Upphavet hjaa Gud.
3 Alle Ting vart til ved det, og utan det vart ikkje til ein einaste Ting, som til er vorten.
4 I det var Liv, og Livet var Ljoset fyre Menneskjom.
5 Og Ljoset skin i Myrkret, og Myrkret tok det ikkje til seg.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Dagens Blix er attende etter sommaropphaldet. Her har eg presentert ulike Blix-tekstar, for det meste i kronologisk rekkefølgje.

Vi er komne til sluttsteinen i det første nytestamentet på landsmål. I 1882 hadde Samlaget gjeve ut den prøveomsetjinga av Romarbrevet som Elias Blix hadde gjort, med Ivar Aasen som konsulent. Dei heldt fram med dei andre nytestamentlege bøkene, og fekk med seg Johannes Belsheim og Matias Skard i arbeidet. Men så kom 1884 og regjeringsskiftet, og Blix vart statsråd. Han kunne ikkje ta aktiv del i omsetjingsarbeidet i desse åra. Derimot vart han sitjande på andre sida av bordet, som godkjenningsinstans. I februar 1888 gjekk Blix ut av regjeringa, og no tok han del i omsetjingsarbeidet for fullt. Han hadde sannsynlegvis begynt på Johannesevangeliet med ein gong Romarbrevet var ferdig. Omsetjinga var ferdig alt same haust, vart godkjend av departementet 20. november og utgjeven året etter. No var alle skriftene ferdig omsette. Landsmålstestamentet, som hadde vore utgjeve heftevis, vart samla mellom to permar.

Eg er svært oppteken av vekselverknaden mellom bibelomsetjing og salmedikting hos Elias Blix. Det er grunn til å tru at Johannesevangeliet gjev særleg gode døme på dette samspelet. Mange hymnologar har merka seg at salmediktaren Blix har henta mange uttrykk og bilete nett frå denne bibelske boka. Dei har rett i det (sjølv om eg framleis meiner at Blix sin bibelske heimstad er Edens hage i 1. Mosebok kap. 2), og alt prologen gjev gode døme. Kort tid etter omsetjinga av Johannesevangeliet skreiv Blix julesalmen "I fyrste Upphav var Guds Ord" (1891). Og vers 5 hadde han alt spela på i "Jesus, du er den Himmelveg" (1875): "Ljoset det inn i Myrkret skin, / Myrkret det ikkje vil fata."

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk").
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?