<$BlogRSDUrl$>

24.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 4,5-10
5 So kom han til ein By i Samaria, som var kallad Sikar, nær ved det Landstykket, som Jakob gav Josef, Son sin.
6 Men der var Jakobs Brunn. Daa so Jesus var trøytt av Ferdi, so sette han seg ned ved Brunnen. Det var umkring den sette Timen.
7 Daa kom ei Kvinna fraa Samaria og skulde draga upp Vatn. Jesus sagde til henne: "Giv meg aa drikka!"
8 For hans Læresveinar hadde gjenget til Byen aa kaupa Mat.
9 Den samaritanske Kvinna sagde daa til honom: "Kor kann du, som er Jøde, beda um Drikka av meg, som er ei samaritansk Kvinna?" For Jødarne hava ikkje Samkvæme med Samaritanar.
10 Jesus svarade og sagde til henne: "Dersom du kjende Guds Gaava og visste, kven det er, som segjer til deg: Giv meg aa drikka, so vilde du beda honom, og han skulde giva deg livande Vatn."
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?