<$BlogRSDUrl$>

30.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 4,46-54
46 Jesus kom daa atter til Kana i Galilæa, der han hadde gjort Vatnet til Vin. Og der var ein Kongsmann, og Son hans laag sjuk i Kapernaum.
47 Daa denne høyrde, at Jesus kom fraa Judæa til Galilæa, gjekk han til honom og bad honom koma ned og lækja Son hans; for han laag fyre Dauden.
48 Jesus sagde daa til honom: "Utan de sjaa Teikn og Under, tru de ikkje".
49 Kongsmannen sagde til honom: Herre, kom ned, fyrr Barnet mitt døyr!"
50 Jesus sagde til honom: "Gakk, Son din liver"; og Mannen trudde det Ord, som Jesus sagde til honom, og gjekk.
51 Men medan han endaa var paa Vegen nedetter, møtte hans Tenarar honom og forkynte og sagde: "Son din liver".
52 Han spurde deim daa ut um Timen, daa det vart betre med honom; og dei sagde til honom: "I Gaar den sjaunde Timen slepte Sotti honom.
53 Daa visste Faderen, at det var den same Timen, daa Jesus hadde sagt til honom: "Son din liver". Og han trudde sjølv og heile hans Hus.
54 Dette andre Teiknet gjorde Jesus atter, daa han var komen fraa Judæa til Galilæa.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 30.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?