<$BlogRSDUrl$>

31.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 5,1-9
Deretter var det ei Høgtid til Jødarne, og Jesus gjekk upp til Jerusalem.
2 Men i Jerusalem ved Saudeporten er det ein Dam, som paa Hebraisk heiter Bethesda og heve fem Svalgangar.
3 I deim laag der ei stor Mengd med sjuke: blinde, halte, visne, som ventade paa, at Vatnet skulde verta rørt.
4 For ein Engel for til visse Tider ned i Dammen og rørde upp Vatnet, og den, som daa steig fyrst ned, etter at Vatnet var rørt, han vart frisk, kvat Sjukdom han so leid av.
5 Men det var ei Menneskja der, som hadde voret sjuk i aatte og tretti Aar.
6 Daa Jesus saag denne liggjande der og visste, at han alt hadde voret sjuk i lang Tid, sagde han til honom: "Vil du verta frisk?"
7 Den sjuke svarade honom: "Herre, eg heve ingi Menneskja, som kann kasta meg i Dammen, naar Vatnet vert rørt; men med det same eg kjem, stig ein annan ned fyre meg".
8 Jesus sagde til honom: "Statt upp, tak Sengi di og gakk!"
9 Og strakst vart Mannen frisk og tok Sengi og gjekk; men det var Kviledag den Dagen.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 31.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?