<$BlogRSDUrl$>

26.8.04

KRL-disputas 

I morgon er det disputas ved Menighetsfakultetet, der eg for tida tener til livsopphald og skrivarverksemd. Det hender frå tid til annan. Det spesielle denne gongen er at det ikkje er ein teolog, men ein pedagog som forsvarer avhandlinga si: Sidsel Lied ved Høgskolen i Hedmark. Avhandlinga handlar om KRL-faget i møte med den fleirkulturelle norske skolestova. Slik vert avhandlinga presentert på heimesida til Høgskolen i Hedmark:
Sidsel Lieds avhandling har tittelen: ”Elever og tolkningsprularitet [SIC] i KRL-faget - Mellomtrinnselever i møte med fortellinger fra ulike religioner og livssyn”

Hun fulgte to klasser i Mjøsområdet over halvannet år. I dette arbeidet samlet hun inn tekster og tegninger de skrev, og analyserte dette. Lied valgte ut fire hovedinformanter blant disse elevene, og dette er materialet som ligger til grunn for forskningsarbeidet. I sin avhandling diskuterer hun både med elevene og deres tegninger/tekster og tidligere publisert forskning.

De fire hovedinformantene er elever med ulik bakgrunn for sine livstolkninger: To har kristen bakgrunn, men er i ulik dialog med bakgrunnen sin. En av elevene har islamsk bakgrunn og en har ateistisk bakgrunn.

Lied har undersøkt hvordan de bruker fortellingene de møter i KRL-faget når de jobber med selvforståelse, og når de skal finne ut hvor de selv står i forhold til religion og livssyn. Hun har funnet at når elevene møter religions- og livssynsmangfoldet i KRL-faget, skaper det bevissthet og toleranse mer enn forvirring.
Vel, "lariteten" i tittelen heiter "tolkningspluralitet" i mitt eksemplar. Kva dette har med Elias Blix å gjere? Ikkje så lite. Elias Blix var deltakar i den begynnande sekulariseringa av skolen, overgangen frå kyrkjeskole til kunnskapsskole. Han opplevde skolereformen i 1860 (som mellom anna førte med seg ei lesebok med "sekulære" stykke, rett nok redigert av ein prest) med tilslutning, og han sette sjølv som statsråd ned den skolekommisjonen som førte prosessen vidare på 1880-talet. Samstundes leverte han, gjennom salmedikting og bibelomsetjing, sterke bidrag til ei brei "trusopplæring" i den norske kyrkja.

I den dels sekulære, dels fleirreligiøse kultur- og skolesituasjonen i Noreg er det nokre som drøymer seg attende til tida da ein pugga Blix-salmar og anna trygt felleskulturelt stoff i skolen. Men det er ikkje sikkert at det er den einaste inspirasjonen Blix har å gje i dagens situasjon, og heller ikkje den viktigaste. Han var trygg i trua og teologien, og solid i formidlinga. Men han var ikkje redd for nye tankar og nye tider, det eg kan sjå. Kan hende går det ei line frå Elias Blix til Sidsel Lied? I alle fall går det ei frå skolelova av 1860 og til reformane ved inngangen til det 21. hundreåret.

Les meir.
# lagt inn 26.8.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Det er helg og Sidsel er doktor. Gratulerer!

Eg hadde undervisning store delar av dagen sjølv, og fekk berre med meg eit innlegg ex auditorio pluss starten av andreopposisjonen. Men stemninga var god.
Av Blogger Anders, 6:09 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?