<$BlogRSDUrl$>

6.9.04

Biografidebatt 

Det kjem ein "biografidebatt" kvar bokhaust, ser det ut til. I fjor var det Ingar Sletten Kolloens Hamsun-biografi (det kjem meir) som stod i sentrum, i år er det Knut Olav Åmås' Mitt liv var draum (om Olav H. Hauge) og Jørgen Sandemoses fadermord Flyktningen (om Aksel Sandemose). Den siste har eg funne ut at eg slepp å lese. Men Åmås er eg godt i gang med. Og eg les med stor sympati, eg liker Åmås' grunnsyn på oppgåva si og måten han gjennomfører den på. No har ikkje eg lese dagbøkene til Olav H. Hauge; eg ser at nokre av dei som har, synest det blir for mykje reproduksjon av kjelder dei kjenner. Inntrykket mitt er vel nærare det som Bente Riise gjev uttrykk for i Dag og Tid denne veka:
Mitt liv var draum er kanskje ein av dei minst påståelege biografiane som har kome ut på lenge her til lands. Og kvifor ikkje?
---
Åmas legg ut kjeldene slik at alle kan sjå kvar informasjonen er henta frå, og kjeldene kan ettergåast av den som vil, slik ein forskar gjer det. Han har òg valt ei nøktern forteljarstemme, og bruker nesten aldri ord som årsak eller forklaring. Han legg fram, drøftar og peiker på ulike måtar å sjå hendingar og samanhengar på. Han tviler, spør, er open for ulike forklaringar. Han er audmjuk for at han ikkje kan vite kva som er sant. Han kan ikkje vite sikkert kva for forhold og samanhengar som var avgjerande for at det eine eller andre skjedde eller vart som det vart. Dette synest eg er svært sympatisk og etterretteleg gjort. Det er nesten freistande å seie at dette er meir jentemåten, men det blir vel oppfatta som flåsete. Det er vel betre å seie at denne metoden står i ein solid akademisk tradisjon. Det høyrest nok betre ut. Etter mitt syn står denne biografien langt frå ein macho-tradisjon med bombastiske påstandar om samanhengar mellom liv og dikting, mellom personlegdom og politikk, og mykje, mykje anna. Ei såpass drøftande og lang framstilling som dette er, viser også at ein tek på alvor at store delar av det lesande norske folket har høgare utdanning, som ein kommenterte boka.
OK, Bente Riise (og eg) slukar programmet til Åmås rått. Sjølvsagt kan han kritiserast på sine eigne premissar. Det er dei som har prøvd det òg, som eg har nemnt tidlegare.

Eg lærer mykje av Åmås. Men den viktigaste referansen for mitt personlege prosjekt er nok framleis Berge Furres Soga om Lars Oftedal (1990).
# lagt inn 6.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?