<$BlogRSDUrl$>

26.9.04

Kontrafaktisk 

Morgenbladet denne helga har eit intervju med Øystein Sørensen i samband med den nye boka hans, Historien om det som ikke skjedde: Kontrafaktisk historie (Oslo: Aschehoug, 2004). I ingressen heiter det:
Professor Øystein Sørensens nye bok handler om kontrafaktisk historie. Om alt som kunne ha gått annerledes i de åpne historiske øyeblikkene, og den verden vi da ville ha levd i.
Dette perspektivet har interessert meg lenge. Ein biografi over ein avdød person vert skriven med fasiten klar. Ein veit kva det vart av biografiobjektet, og det blir lett slik at ein kjem til å framheve dei trekka ved livet hennes/hans som førte dit. Sjangeren står i fare for å trekke ei deterministisk tvangstrøye over stoffet: Elias Blix vart den store nynorske salmediktaren, fordi han var predestinert til det - anten det no var av Gud eller av lagnaden eller av Historia med stor H.

Eg ville så gjerne få fram alle dei store og små vegskilja på vegen, der meir eller mindre tilfeldige val gjorde utslaget for livskursen til biografiobjektet. Det var så mykje anna Elias Blix kunne ha blitt: Fiskarbonde, omgangsskolelærar, kyrkjelydsprest, internasjonalt kjend forskar i semittiske språk .. Kva hadde hendt om han til dømes hadde emigrert til Amerika i staden for å reise til Kristiania da 1860-talet tok til?

Eg tenkjer meg to moglege måtar å innarbeide eit slikt perspektiv på.

Den eine er å late bipersonar i forteljinga representere alternativa. Eg har nokre gode kandidatar. Carl Johan Nielsen har eg alt presentert - bondestudent frå Nordland med same bakgrunn som Elias Blix, men utan den same suksessen. Ein annan er den tre år yngre bror til Elias Blix, Ole Pareli(us) Pedersen. Han gjekk den vegen som låg nærast i lokalsamfunnet og vart ein (så vidt eg kan sjå) vellukka fiskarbonde på garden Ravik i Gildeskål. Eg har etter kvart funne noko materiale om han, så det skulle vere mogleg å flette inn veslebroren si historie som ein slags "parallellbiografi" på nokre stader i hovudforteljinga.

Det andre grepet er å lage små sosialhistoriske ekskurs på einskilde punkt i forteljinga. Eg har alt teke for meg dei som gjekk på lærarseminaret i Tromsø i åra 1853-1855 saman med Elias Blix. Eit oversyn over karrierene deira er samtidig ein katalog over kva Elias Blix kunne ha blitt. Eg arbeider med ein liknande database over artiumskullet frå 1860. Det er mogleg å gjere noko liknande med teologane som tok embetseksamen i 1865, og kan hende til og med med konfirmantkullet frå Gildeskål frå 1851. Men det siste blir vel for tidkrevjande, er eg redd.
# lagt inn 26.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?