<$BlogRSDUrl$>

6.9.04

Per Sivle 

In memoriam: I dag er det altså hundre år sidan Per Sivle ikkje orka å leve meir. Det har visst vore eit innslag på Dagsrevyen, det fekk eg ikkje sett.

Eg hadde tenkt å skrive eit par ord om tilhøvet mellom Per Sivle og Elias Blix, som bidrag til minnehøgtida. Det får eg ha til gode. Kan hende ville det ikkje høve så godt heller, for det var slett ikkje noko ukomplisert forhold. Politisk vart dei usamde på slutten av 1880-talet. Blix braut med Johan Sverdrup, medan Sivle vart verande lojal Sverdrup-tilhengar. Men det kom seg etter kvart; noko av det siste Elias Blix fekk gjort her i livet, var å skrive under på ei oppmoding Anders Hovden hadde formulert om å forlengje Sivle sitt statlege kunstnarstipend - utan at det hjelpte.

Ja, soga om nynorsk skriftkultur har sine komediar (i den klassiske meininga: Drama med "happy end") og tragediar, med dertil høyrande heltar, der Elias Blix og Per Sivle gjerne får representere kvar sin type. Er det på tide å frigjere seg frå desse stereotypiane, tru? Eller kan dei framleis gje ei fruktbar tolkingsramme for desse to liva?
# lagt inn 6.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?