<$BlogRSDUrl$>

18.10.04

Besteforeldre 

Farfar og farmor til Elias Blix, Christopher Olsen (1773-1837) og Ingeborg Pedersdatter (1777?-1831), hadde møttest på Strand i nabobygda Beiarn. Han var tenestegut på eine garden, ho var dotter på nabogarden. Dei gifta seg og etablerte seg på Våg i Gildeskål. Opplysningar om dødsår for desse to har eg aldri sett i sekundærlitteraturen, men i dag har eg funne det i kyrkjebøkene for Gildeskål:

Ingeborg fekk ikkje leve lenge nok til å sjå barnebarn på garden, dei hadde ført ho til graven tre månader før bryllaupet til Margrethe og Peder, foreldra til Elias Blix. Ho døydde 16. mars 1831, jordfestinga fann stad 17. april. Men Christopher lever framleis når Elias Blix blir fødd, om ikkje i beste velgåande, kan hende, han døyr den våren sonesonen er eitt år gammal, 1. [?] april 1837. Jordfestinga fann stad 23. april.

Det var ikkje så vanleg som vi ofte tenkjer oss å vekse opp med besteforeldre i nærmiljøet tidleg på 1800-talet. Levealderen var lågare enn i våre dagar (Ingeborg vart 52, ifølgje kyrkjeboka, eller kan hende 53; Christopher vart 63) og foreldre var nesten like seint ute med å setje barn til verda (Margrethe var 28 da Elias vart fødd). Eg er i gang med boka til Sølvi Sogner o. fl., I gode og vonde dagar: Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid (Oslo: Samlaget, 2003). Familiehistorie er ei form for "historie nedanfrå" som korresponderer godt med prosjektet mitt.
# lagt inn 18.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?