<$BlogRSDUrl$>

12.10.04

Lesekunne 

"Elias Pedersen var en opvakt Gut med Lyst til Bogen," skreiv Morgenbladet i nekrologen. Dei fleste anekdotane som er overleverte om barndommen og ungdommen til Elias Blix, gjeld tilhøvet hans til lesing og bøker. Dei eldste biografiske notisane stadfestar inntrykket av ein leseglad og kunnskapshungrig ung mann. Ein bør nok ikkje sjå bort frå at han sjølv har vore med på å forme dette biletet. Det er dessutan er eit fast element i standardforteljinga om den gåverike, men underprivilegerte bondestudenten som arbeider seg fram til kunnskap. Likevel, tradisjonen er så sterk og eintydig at det må liggje noko her.

Det begynte i heimen, og det var mora som var hans første vegvisar inn i lesinga si verd. I ein svært interessant, men lite kjend tekst har Elias Blix skildra den nordnorske bondekona slik:
Dessutan er dat Kona, som jamnast maa læra Borni at stava og lesa; dar sitja dei daa med Bøkerna sine framfyre Moderi, for at ho kann høyra og rettleida deim. Men skal ho inkje heftast i sitt Arbeid, lyt ho sjølv kunna Bøkerna godt; og difyre ero desse Folk tidt vonde paa dei nye Lærabøker, som brigda for mykit af fraa dei gamle, dei sjølv lærde.
Det er tydeleg at dette er ein situasjon Elias Blix kjenner av personleg erfaring. Men like tydeleg er det at han ikkje ser på si eiga mor som eineståande. Å ta seg av leseopplæringa til barna var ei plikt for ei god mor. Skolegang kunne det nok vere smått med, men såpass skulle ein i det minste ha med seg heimanfrå.

Denne haldninga var utbreidd i heile landet. I innleiinga til den nasjonale skolestatistikken for 1837 vert det nok klaga over at folk flest bryr seg lite om skoleundervisning. Men i neste setning må utgjevaren likevel innrømme at dei fleste foreldre sjølv tek aktiv del i undervisninga av barna sine. "Denne Hjælp fra Forældrenes Side skyldes imidlertid fornemmelig Mødrene, hvilke bringe deres Børn, førend de blive skolepligtige, mere eller mindre vidt i at læse i Bog, og siden, naar de ere indtraadte i Skolen, hjælpe og opmuntre dem," føyer han til. Blix og statistikaren er rørande samde om at denne undervisninga har sine klåre grenser i kva foreldra sjølv har lært, men òg om at utan foreldreinnsatsen hadde det verkeleg stått dårleg til med det allmenne kunnskapsnivået i landet.
# lagt inn 12.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?