<$BlogRSDUrl$>

5.10.04

Modersmaalet (2) 

"Maal med Malm og Tone full / Av vaar Mor me lærde," song Elias Blix på sine eldre dagar. Korleis var eigentleg tonen i det målet han lærte å snakke på? Sjølv karakteriserte han det som "eit godt norsk målføre som landsmålet høver godt for."

At du er nordlending, kan ein høyre på tonefallet ditt. Folk frå andre delar av landet kan finne på å seie at det er "syngjande". Det heng saman med fenomenet dialektforskarar kallar høgtone, at trykksterke stavingar vert uttala i eit høgt toneleie. Palatalisering er òg noko som gjerne blir lagt merke til, at "mann" blir uttala majnn, eller at "kald" blir kajll. Men det er ikkje noko eksklusivt nordnorsk fenomen.

På mange måtar er Salten-dialekten eit typisk nordleg målføre, men den har òg trekk som dreg i sørleg retning. Tjukk l (her markert med L) rekk så langt nord som hit, "sjølv" heiter sjøL. Men "gard" er gar, ikkje gaL, som det kan heite lenger sør.

Svært mykje brukte ord er ofte gode dialektmerke. Pronomena "eg, meg, deg, seg" heiter i Salten e, me, de, se. "Han" blir hånn, medan "de" og "dykk" heiter dåkk. Dei peikande pronomena "den, det" heiter dajnn, da, og stadadverbet "der" blir dar.

I barndommen til Elias Blix hadde Salten-målet framleis eit nokså komplisert repertoar av substantivformer. Det hadde fleire kasus enn moderne norsk språk (dativ), og gjorde skilnad på sterke og svake hokjønnsord: Det heitte ei dørr - dørra ("ei dør - døra"), men ei gryt - gryto ("ei gryte - gryta").

Men det viktigaste særtrekket er det høge tempoet: Saltværingane kastar ikkje bort tida på uvesentlege stavingar. Dei har norsk rekord i apokope, avhogging av trykksvake endingar. Infinitiv "å kjøpe" blir å kjøp. I dette stykket passar altså Salten-målet verken i kategorien "e-mål" eller "a-mål" i dialektforskarane sin terminologi, det er eit "null-mål". Her finn du dessutan former som ejnn tim ("ein time"), ei kak ("ei kake"), fir kak ("fire kaker"), træff (nynorsk "treff", men bokmål "treffer") og gLømmt ("gløymde"). Raskare blir det ikkje her til lands.

[Eg gjev avkall på å markere i skrift eit anna karakteristisk trekk ved Salten-dialekten, det såkalla cirkumflekstonelaget, som heng nært saman med fenomenet apokope. Det er skilnad i uttale mellom substantivet et kjøp og infinitiven å kj^øp, ein skilnad som svarar til den mellom tonem 1 ("kjøpet") og tonem 2 ("(å) kjøpe") i fleirstavingsord på målføre utan apokope.]

Litteratur: Modersmaalet (1)
# lagt inn 5.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?