<$BlogRSDUrl$>

30.10.04

Nesten i avisa 

I går var eg nesten i avisa. Det stod i det minste om boka vår, Dødehavsrullane. Når sant skal seiast, var det Torleif Elgvin, redaktøren for boka, avisa hadde intervjua. Men når det regnar på presten ... (nei, det gjekk ikkje, eg er jo prest sjølv. Men du skjønar poenget).

Les artikkelen i Vårt Land.
# lagt inn 30.10.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Og på TV2.no vart boka presentert under rubrikken "Underholdning". Relaterte meldingar: " Går tom for Da Vinci-koden" og "Vil kjøpe Buddha-skrifter". Artikkelen er illustrert med eit bilete av den meg ukjende omsetjaren Torleif Elgvik, medan Torleif Elgvin, som eg kjenner godt, er intervjua.

Om eg har fordommar når det gjeld TV 2? Ingen kommentar.
Av Blogger Anders, 8:14 p.m.  
I dag har Roald Helgheim eit kort intervju med Torleif Elgvin om boka i Dag og Tid (men berre i papirutgåva) - under rubrikken "Historie".
Av Blogger Anders, 9:22 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?