<$BlogRSDUrl$>

20.10.04

Skolegang 

Som sjuåring (eller kan hende var han åtte) begynte Elias Blix Pedersen på skolen. I ein av dei få sjølvbiografiske notisane han har etterlate seg, skriv han at "mine Forældre kun kunde skaffe mig den allertarveligste Skoledannelse". Var allmugeskolen verkeleg så "tarvelig" som han vil ha det til, eller er dette helst eit retorisk verkemiddel i konstruksjonen av den sjølvhjelpne bondestudenten?

Arbeid for det felles levebrødet til hushaldet fylte mykje av kvardagen til allmugebarn på 1800-talet. På den andre sida tok skolen langt mindre av tida og merksemda til barnet og hushaldet enn seinare. Frå eit lokalsamfunn endå lenger nord i landet rapporterer Edmund Edvardsen (s. 65-66):
1840-årenes skoleprotokoller viser at skolen la lite beslag på levebrødets ressurser. Og den fikk også lite. Som en slags vagabond rak han rundt, læreren. Han var en sjelden og nokså tilfeldig foreteelse. Kanskje kom han, kanskje ikke. Kanskje kom elevene, kanskje ikke. Læreren var en slags omstreifer. Sang en "psalme" eller to, lærte fra seg noen bokstaver, lukket øynene i fadervår, stilte Pontoppidans spørsmål og gav Pontoppidans svar. Til slutt formante læreren, pekte mot himmelen, og dro til neste gård.
Det var omgangsskole i Gildeskål, slik det var dei fleste stader på landsbygda i Noreg. Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet frå 1827 bestemte rett nok at det skulle vere fast skole ved alle hovudkyrkjer (§ 2), men det gjekk svært seint å få gjennomført denne reforma. Læraren reiste frå gard til gard, budde der nokre dagar og heldt skole, og reiste så vidare. Elevane hadde skoleplikt frå dei fylte sju år og til dei vart konfirmerte – "naar Sognepræsten finder det fornødent, at de søge Skolen saalænge" (§15) – men berre i den tida det vart halde skole på gardane i den roda der bustaden høyrde til. Gildeskål prestegjeld, som omfatta Gildeskål og Beiarn sokn, var delt i fire skoledistrikt med kvar sin lærar. I Nordre distrikt hadde dei kyrkjesongaren Helge Helgesen (1785-1854), grandonkel og gudfar til Elias Blix Pedersen, som lærar. Han heldt skole tjue veker i året, og dei skulle delast på fem roder. Kvar elev fekk altså fire veker skolegang pr. år. Det er eit undervisningstilbod langt under det som var fastsett i 1827-lova, nemleg "at hele Præstegjeldets Ungdom i det mindste 3 eller, hvor dette maatte findes ugjørligt, 2 Maaneder om Aaret kan vorde underviist" (§ 6). Og det er berre halvparten av landsgjennomsnittet, endå sjølv dette låg i underkant av lovas minstemål: 8,1 undervisningsveker pr. elev i omgangsskolar på landet (1840). Men for nordnorske tilhøve var elevane i Gildeskål heilt representative. Ein gjennomsnittselev i "Nordland og Finnmarken" fekk 3,9 veker undervisning i året.
# lagt inn 20.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?