<$BlogRSDUrl$>

20.10.04

Skolemateriell 

Lærebøkene var fastsette i Plan, hvorefter Undervisningen og Disciplinen i Almueskolerne paa Landet skal indrettes av 1834. Hovudboka var Luthers lille katekisme. Dessutan nytta ein den velkjende katekismeforklaringa til Pontoppidan, Sandhed til Gudfrygtighed, anten i original eller i ei forkorta utgåve. I tillegg nemner planen professor Herslebs lærebok i bibelhistorie, og ei lesebok "efter Biskopens Bestemmelse". Dette var bøker kvar elev skulle ha. I tillegg bestemte skolelova av 1827 (§ 14) at "enhver Skole bør være forsynet med en Bibel, et Nytestament, en Psalmebog, en Postil, et Exemplar af Kongeriget Norges Grundlov, samt af Loven om Almueskolevæsenet og en Regnebog." Rapportane i 1837-statistikken om manglande skolebøker syner at heller ikkje på utstyrssida prioriterte ein skole særleg høgt i Gildeskål. Det einaste som ikkje mangla i skolekista til dei fire omgangsskolelærarane, var skolelova! Oppgåva frå Gildeskål fortel at ein manglar 4 biblar, 40 nytestamente, 40 salmebøker, 4 postillar, 4 grunnlovseksemplar og 4 regnebøker. Talet 4 gjev eitt eksemplar til kvar av dei fire lærarane i prestegjeldet, talet 40 gjev fire "klassesett" på ti bøker. Om det i det heile fanst nytestamente eller salmebok i skoleutstyret, kan ein ikkje lese av statistikken. Av prestegjelda i Salten prosti er det berre Saltdal som merkar seg ut med manglar i ein liknande skala. Her kan ikkje læraren ha hatt høve til stort anna enn å "stille Pontoppidans spørsmål og gi Pontoppidans svar" (slik eg nett har sitert E. Edvardsen).
# lagt inn 20.10.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Interessant og viktig stoff dette, Anders! Berre ein liten merknad til overskrifta di på morgonkvisten: Her bør det heite materiell (to l-ar er altså rett, men a i staden for e. Det andre alternativet er material i snekkartydinga).

Helsing Per.
Av Anonymous Anonym, 8:22 a.m.  
Takk, Per. Eg skal rete tyrkkleifen så snart eg kan.
Av Blogger Anders, 10:07 a.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?