<$BlogRSDUrl$>

29.11.04

Dagens Blix 

Korleides skal eg møta / Og fagna deg, Guds Son?
Du Hjartans Sol og Søta, / Du heile Heimsens Von!
Kom, Jesus, sjølv aa tyda, / Korleides Hjartat maa
Seg til di Koma pryda, / So du kann Fagnad faa!

Sjaa, Sion svingar Palmar, / Straar Greiner paa din Veg!
Eg vil med Song og Salmar / I Anden fagna deg.
Mitt Hjarta Gror skal giva / Som Grein i Skogen grøn
Og til di Æra liva, / Din Kjærleike til Løn.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 2

Den første av dei mange "nye" salmane i fjerde utgåve av Nokre Salmar. Originalteksten er av Paul Gerhardt (1607-1676). Det første verset er nytta i Bachs "Juleoratorium" (del 1, nr. 5, koralen "Wie soll ich dich empfangen", lydfil her).

Melodivalet er interessant. Blix oppgjev tonen "Mig hjertelig nu længes". Det er same tonen som Bach nytta, og den er sikkert tradisjonell. Men Landstads salmebok har ein heilt annan tone, "Jeg vil mig Herren love". Landstad nytta denne tonen til svært mange salmar, no er det berre nr. 10 i Norsk Salmebok som er att. Salmen vår står framleis (bokmålsversjonen) i Norsk Salmebok (nr. 7), men no med ein tredje melodi.

Til Skandinavia er salmen komen gjennom Brorson, til Noreg sannsynlegvis gjennom Guldbergs salmebok. Blix kjenner Brorsons versjon, men går sine eigne vegar. Brorson har til dømes lagt eit lag bruremystikk utanpå Gerhardts tekst. Det er fjerna hos Blix.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Norsk Salmeleksikon nr. 1554
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?