<$BlogRSDUrl$>

26.11.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 21,15-25
15 Daa dei no hadde etet, sagde Jesus til Simon Petrus: "Simon, Jonas' Son, elskar du meg meir enn desse?" Han sagde til honom: "Ja Herre, du veit, at eg heve deg kjær". Han sagde til honom: "Fød mine Lamb!"
16 Atter sagde han til honom andre Gongen: "Simon, Jonas' Son, elskar du meg?" Han sagde: "Ja Herre, du veit, at eg heve deg kjær!" Han sagde til honom: "Vakta mine Sauder!"
17 Han sagde til honom tridje Gongen: "Simon, Jonas' Son, heve du meg kjær?" Petrus vart sorgfull yver, at Jesus spurde honom tridje Gongen: "Heve du meg kjær?" Og han sagde til honom: "Herre, du veit alle Ting, du veit, at eg heve deg kjær". Jesus sagde til honom: "Fød mine Sauder.
18 Sannelege, sannelege segjer eg deg: Daa du var yngre, batt du upp um deg sjølv og gjekk dit, som du vilde; men naar du vert gamal, skal du retta ut dine Hender, og ein annan skal binda upp um deg og føra deg dit, som du ikkje vil".
19 Men dette sagde han til aa kunngjera, med kvat Daude han skulde æra Gud. Og daa han hadde sagt dette, sagde han til honom: "Fylg meg!"
20 Men Petrus vende seg og saag, at den Læresvein, som Jesus elskade, fylgde etter, han som ved Kveldsverden hadde leget upp til hans Brjost og sagt: "Herre, kven er det, som forraader deg?"
21 Daa Petrus saag denne, sagde han til Jesus: "Herre, kvat skal daa denne?"
22 Jesus sagde til honom: "Um eg vil, at han skal vera, til dess eg kjem, kvat heve du med det? Fylg du meg!"
23 Difyre kom den Segni ut imillom Brødrom: "Denne Læresvein døyr ikkje", endaa Jesus ikkje hadde sagt til honom: "Han døyr ikkje", men: "Um eg vil, at han skal vera, til dess eg kjem, kvat heve du med det?"
24 Dette er den Læresveinen, som vitnar um desse Ting og heve skrivet dette; og me vita, at hans Vitnemaal er sant.
25 Men der er og mange andre Ting, som Jesus gjorde, so um dei skulde verta skrivne kvart fyre seg, trur eg, at jamvel ikkje Verdi vilde røma dei Bøker, som maatte verta skrivne. Amen.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

Slik sluttar Johannesevangeliet i Elias Blix si omsetjing.

Det er på tide å vende attende til salmane. I 1891 kom fjerde utgåva av Nokre Salmar, for første gong med forfattarnamnet på tittelbladet. Det var denne utgåva som skapte det definitive gjennombruddet for Blix-salmane. Den vart godkjend til bruk i gudstenesta i kyrkjelydar som gjorde vedtak om det, ved kongeleg resolusjon av 4. mars 1892. Same året kom den første utgåva av Landstads salmebok som hadde "Nokre Salmar" med som tillegg. Hittil har Elias Blix stått fram i det offentlege rommet som professor og (eks-)statsråd. Først no er det han blir salmediktar. Det skjer eit viktig rollebyte i hans offentlege persona.

I Dagens Blix kjem eg no til å arbeide gjennom Nokre Salmar, fjerde utgåve. I kyrkjeåret 2004-2005 kjem du til å møte alle Blix-salmane til rett tid. Boka er organisert etter kyrkjeåret, og 1. sundag i advent er rett rundt hjørnet.

Les teksten i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk").
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?