<$BlogRSDUrl$>

23.11.04

Ei bøn for Ukraina 

Eigentleg sit eg og skriv om fisk i dag, meir eksakt: Om Elias Blix sin korte karriere som yrkesfiskar, med lofotfisket vinteren 1853 som høgdepunkt og avslutning.

Men det er ikkje heilt lett å samle tankane når det hender ting andre stader som gjer ein uroleg, no sist: Meldinga om at folk er på marsj mot parlamentet i Kiev etter avsløringane av omfattande valjuks i presidentvalet i Ukraina.

Situasjonen har ikkje heilt nådd toppen av nettavisene enno (13.00), men den verkar alt anna enn stabil. BBC og den norske Nettavisen har nokonlunde oppdaterte rapportar, som tyder på tilstandar i nærleiken av statskupp.

Eg er gammal nok til å ha både gode og dårlege minne om folkelege oppstandar frå ulike stader i verda. Det hender det går bra, og det hender det går heilt gale. Lite å gjere med frå kontorstolen min, sjølvsagt. Anna enn å sende ut ei oppmoding til ei kort stille bøn for Ukraina der du sit framfor PCen din.
# lagt inn 23.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?