<$BlogRSDUrl$>

17.11.04

Konfirmasjonstid 

Så vidt eg veit har Elias Blix ikkje late etter seg minne om si eiga konfirmasjonstid, sommaren 1851. Det er grunn til å bruke ein del spalteplass på den likevel. Konfirmasjonen var ein svært viktig overgangsrite, både kyrkjeleg og borgarleg, og det er grunn til å tru at den fekk mykje å seie for den vidare utviklinga til Elias Blix.

Hans meir ordrike ven Anton Christian Bang (1840-1913) vart konfirmert fem år seinare, i Nesna på Helgeland. I Erindringer (1909) gjev han dette biletet av si eiga konfirmasjonstid (s. 79):
Paa Grund af de lange Afstande var og vistnok ogsaa er det saaledes ordnet i Tromsø Stift, at Konfirmandforberedelsen foregaar paa Prestegaarden i et samleet Tidsrum af omkring 6 Uger; i denne Tid bor da Konfirmanderne paa Nabogaardene, forsynede med Niste fra Hjemmet, og samles om Presten til Undervisning hver Formiddag, for om Eftermiddagen at forberede sig til den følgende Dag. Ved denne Ordning blev saavel Undervisning som den religiøse Paavirkning meget intens. Det ved jeg, at vi alle sammen følte os ligesom nærmere Gud i disse Uger, da vi daglig havde Presten midt iblandt os, og at vi alle ønskede i vort stille Sind, at dette kunde vedvare hele vort Liv.

Det er Idyllen i min Ungdomstid disse 6 Uger om Sommeren 1856, da jeg sammen med mine Medkonfirmander blev forberedt for Konfirmationen paa Nesne Prestegaard af Sogneprest Søren Møglestue Dometius.
Eg tyr ofte til Bang i mangel av betre kjelder til hendingar i livet til Blix. Det reiser ei rad kjeldekritiske problem. For det første må ein hugse at dette er ein gammal manns bilete av ein ungdom femti år tidlegare. For det andre var dei to venene nokså ulike personar. For det tredje er det ein liten, men ikkje uviktig skilnad i alder mellom dei. Og for det fjerde kan ein ikkje alltid samanlikne tilhøva i Nesna og Gildeskål. Skolen i Nesna heldt til dømes ein heilt annan kvalitet. Når det er sagt: Dei to bygdene ligg ikkje langt frå kvarandre, næringsgrunnlag og sosiale tilhøve må ha vore temmeleg like.

Når det gjeld konfirmasjonen, hadde ein same ordninga i Gildeskål som i Nesna. Bestefar min heldt så seint som 1950 "konfirmantskole" på tilsvarande måte medan han var sokneprest i Evenes (litt kortare, fire vekers tid, trur eg).

Noko seinare nemner Bang at kyrkjesongaren (lærar og klokkar) òg tok mykje del i konfirmasjonsførebuinga. Tilsvarande i Gildeskål, der Hans Hansen assisterte sokneprest Peter Andreas Berg.
# lagt inn 17.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?