<$BlogRSDUrl$>

19.11.04

Krig 

"Das hört nicht auf. Nie hört das auf" (Günter Grass, Im Krebsgang).

Nei, den andre verdskrigen tek aldri slutt. Nett no er det Kjartan Fløgstad som fører den mot Hans Fredrik Dahl, som i Norsk idéhistorie har kopla målrørsla tettare til Nasjonal Samling enn godt (det vil seie historisk korrekt) er. Eg skal ikkje gjere noko forsøk på å referere debatten, den vert dokumentert fortløpande på nynorsk.no.

Men ein god konspirasjonsteori kan eg ikkje late liggje. Den er sett fram av redaktøren for verket Norsk idéhistorie, Trond Berg Eriksen, i Klassekampen i går:
- Dette er del av Gyldendals motoffensiv etter Alnæs-saka, seier Berg Eriksen.

- Meiner du dette er ein bevisst strategi frå forlaget?

- Ja, forholdet mellom Kjartan Fløgstad og Geir Mork [direktør i Gyldendal, red.anm.] er såpass nært at eg trur dette er avtalt spel. Fløgstad nemner forlaget Aschehoug mange gonger i teksten, og nemner òg Alnæs-debatten.
Ein meir interessant kommentar har avisa i dag, der Gunnar Skirbekk reflekterer over kva norsk idéhistorie bør handle om:
- Det som er interessant med Norden i eit internasjonalt perspektiv er korleis vi fekk ei modernisering som ikkje var frå marknaden eller ovanfrå og ned. Nordens diskré sjarm består i at dei folkelege rørslene var så involverte i moderniseringsprosessen. Dette fenomenet, samt den norske anti-intellektualismen, er dei to interessante fenomena som ei idéhistorie burde diskutere, meiner Skirbekk.

I gårsdagens avis omtalte Berg Eriksen desse folkelege rørslene som norske del-offentlegheiter, som ikkje «vert synlege i bybiletet» og dimed ikkje er «ein del av det diskusjonsrommet ein føler seg forplikta til å omtale i Norsk idéhistorie». Det synest Skirbekk er provinsielt:

- Nokon skulle ha gjort ei sosiologisk gransking av dette «bybiletet». Det gjeld eit lite miljø i Oslo der folk er duse, dei går på dei same hageselskapa og har vore gifte med einannan. Det er ei kopling mellom folk i media, i dei politiske miljøa og ved nokre av kontora på Blindern, som eg vil kalle det «gylne triangelet». Slik oppstår det eit miljø av folk som liker å framstå som internasjonale, men som i røynda fungerer provinsielt. Og den manglande kritikken av Dahl heng truleg saman med dette, seier Skirbekk.
Les meir.

# lagt inn 19.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?