<$BlogRSDUrl$>

16.11.04

Kristofer Janson 

I Bergens Tidende har Johannes Gjerdåker ei melding av Anne Lofthus Solheim og Rolf Erik Solheim, Visdomsperspektivet. En guddommelig saga om Kristofer Janson og åndshøvdingene i hans tid (Kolofon forlag). Han seier mellom anna:
Det er fleire gode grunnar til at Kristofer Janson skal leva i det ålmene minnet, og så sant litteraturhistoriene i framtida vert skrivne av kunnige menneske, vil Janson ha ein trygg plass der. Han hadde hjelpande og styrkjande innverknad på to generasjonar av norske diktarar, frå Aasmund Olavson Vinje til Knut Hamsun - han gjorde ein stor og ugløymande innsats som lærar gjennom ni år ved Chr. Bruuns folkehøgskule på Sel og i Gausdal - og i det norske samfunnet i Amerika grunnlagde han fem unitarkyrkjer. Det litterære verket hans, som femner om lyrikk, drama, romanar, noveller og kulturhistorie, er på i alt meir enn 40 einskildverk. Kanskje har tida gått frå mykje av dette, men det har ho gjort frå mykje av Bjørnsons verk òg; berre så at éin av hans samtidige er nemnd. Nokre av songane til Janson har levt og vorte lærde utanboks av overlag mange gjennom 140 år, mellom andre «Hu hei, kor er det vel friskt og lett uppå fjellet», «Fjukande skyer», «Ung Åslaug» og «Millom Rosor», som Edvard Grieg tonesette.
Bergensmålmannen Kristofer Janson (1841-1917) tok teologisk embetseksamen i 1865, året før Elias Blix. Janson og Blix høyrer til same generasjonen målfolk, og det er sannsynleg at dei må ha hatt noko med ein annan å gjere i studietida på 60-talet i Kristiania, men eg har ikkje funne mykje spor etter slik kontakt. Janson gjekk over til unitarismen, eit trussamfunn som mellom anna forkasta treeiningslæra, så teologisk vart han ståande nokså langt frå den meir tradisjonelle Blix.

Les meir.
# lagt inn 16.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?