<$BlogRSDUrl$>

24.11.04

Med moder eg bad 

Ein har gjerne lese stader der Blix nyttar ordet "mor" som uttrykk for eit særleg nært morstilhøve hos ein som tidleg vart farlaus. Noko er det i denne lesemåten, mora var utan tvil ein person som hadde svært mykje å seie for han. Men det er truleg slik at han her òg set ord på ei allmenn oppleving: Mødrer skulle ikkje berre lære barna sine å lese, dei skulle òg læra dei å be – og dei to tinga hang nøye i hop.

Mødrene sin plass i den religiøse oppsedings- og sosialiseringsprosessen er eit interessant kapittel. I luthersk tradisjon står husfaren sentralt, både hos reformatoren sjølv og i seinare tradisjon vert han pålagt eit stort ansvar for husfolket sitt og kristendomskunnskapen deira. Men eg har ei kjensle av at husmora alt tidleg spela ei vel så sentral rolle. Eg skulle gjerne hatt dette over frå kjensleplanet til eit meir empirisk fundament. Kjenner nokon undersøkingar av dette emnet eller gode eksempel?
# lagt inn 24.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?