<$BlogRSDUrl$>

30.11.04

Signe 

Historia om Signe Blix har eg hittil berre hatt frå familiegravstaden. På gravminnet står "Signe 1875-1875". I dag kan eg fortelje den, med kyrkjeboka for Gamle Aker som kjelde.

2. november 1875 kom det tredje barnet til Emma og Elias Blix til verda. Men rubrikken for dåpsdato i kyrkjeboka er tom, og der namna på fadrane skulle stått, er det notert: "Barnet døde, førend Hjemmed. ble stadf. i Kirken". Signe var heimedøypt av sokneprest Dop. Ho døydde 21. desember 1875 og vart gravlagt på sjølvaste julaftan. Dødsårsaka var "Navlebetændelse".

Slik var altså denne jula heime hos familien Blix i Stensberggata 25. Dette var den første jula nokon hadde høve til å syngje "No koma Guds englar", det tredje heftet av Nokre Salmar kom tidleg i september. Kva dei orka å syngje i heimen til opphavsmannen, veit vi ikkje.

Husstanden er lista opp i folketeljinga for 1875. Men den vart først teken opp 3. januar 1876. Dei to levande barna, Hans og Marie, står her, saman med mor, far og dei to tenestejentene Marie Olsen og Emilie Olsen. Men Signe rakk altså ikkje å bli registrert her eingong.
# lagt inn 30.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?