<$BlogRSDUrl$>

27.12.04

Buskap 

Eit inntrykk av kva rolle husdyrbruket spela på heimgarden til Elias Blix kan denne tabellen gje. Kjeldene er dei to skifteforretningane etter foreldra og folketeljingane i stefarens tid som brukar, 1865 og 1875:

Skifte 1840 (etter Peder Christophersen)
1 hest, 5 storfe (4 mjølkekyr og 1 kvige), 9 småfe (sau)

Skifte 1857 (etter Margrethe Kristofersdatter)
1 hest, 8 storfe (5 mjølkekyr og 3 kviger), 17 småfe (12 sauer, 5 geiter)

Folketeljing 1865 (brukar: Ole Helgesen)
1 hest, 10 storfe, 20 småfe, 1 gris

Folketeljing 1875 (brukar: Ole Helgesen)
1 hest, 8 storfe, 20 småfe, 1 gris

Når det gjeld kapitalkrav kan ein jo samanlikne med båtane: Hesten er taksert til 10 spesidalar både i 1840 og 1857-skiftet. Mjølkekyrne er verd 7 spd. i 1840, 9 i 1857. Skottkeipingsbåten til Peder Kristoffersen var taksert til 9 spd. (1840), åttringen til Ole Helgesen og Margrethe Kristoffersdatter til 12 spd. (1857), medan ein fembøring var verd minst 2-3 mjølkekyr.
# lagt inn 27.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?