<$BlogRSDUrl$>

25.12.04

Dagens Blix 

No koma Guds Englar med Helsning i Sky,
Guds Fred og Velsigning dei bjoda.
No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny,
Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Guds Fred og vel møtt,
Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Til Frelsa den Fyrste er korad og krynd
Og komen til Løysning og Lukka
Fyr Menneskjeborn, som er fødde i Synd
Og alt uti Vogga maa sukka.
Guds Fred med dei Smaa,
Som honom fekk sjaa!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

I djupaste Myrker vart Himmelen klaar,
Daa Stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste Vetter det grønkar som Vaar,
Og fagraste Knupp spring av Kviste.
Guds Fred og god Jol
Med Sumar og Sol!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Der ute ligg Jordi so isende kald,
Og Trei stend svarte i Skogen.
Men Isai Stuv, som til Frelsa er vald,
Skyt Livskvisten fager og mogen.
Guds Fred med den Tein
Av grønkande Grein!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

No Stjerna fraa Betlehem lyser um Land
Fraa Høgsal til armaste Hytta.
Det ljosnar so vænt yver Dalar og Strand,
Der inn hennar Straalar faa glytta.
Guds Fred yver Mold!
Vaar Sol og vaar Skjold,
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

No ljodar ein Lovsong fraa alle Guds Born,
Paa alle Folks Tungor dei kveda.
So vida som Klokkorna tima fraa Torn,
Stig Tonar af Hugnad og Gleda.
Alt kling som i Kor:
Guds Fred yver Jord!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Lat Gitordet ganga fraa Grend og til Grend,
So vida som Tunga kann mæla,
Um Sonen, som er oss fraa Himmelen send
All Verdi til Siger og Sæla!
Syng ut i kvar Bygd:
Guds Fred ifraa Høgd!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Den Freden meg fylgje fraa Vogga til Grav,
Meg hugge i saaraste Suter!
So segjer eg, naar eg fraa Verdi fer av
Og døyande Hovudet luter:
Guds Fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 17

Juledagen i år gjer BlixBlog eit unnatak frå den strenge nummerrekkjefølgja - til minne om juledagen for 120 år sidan, da nynorske salmar for første gong vart sungne i ei offentleg gudsteneste, i Lårdal kyrkje i Telemark. Og med dette ønskjer BlixBlog verda ei gledeleg jul.

Det er vel kjent at kyrkjelyden ved dette høvet song "No koma Guds Englar". Men veit nokon kva for to andre Blix-salmar som vart nytta i den same gudstenesta? Eg veit ikkje.

Heile salmen.
Meir om "No koma Guds Englar" her, her og her.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 25.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?