<$BlogRSDUrl$>

31.12.04

Dagens Blix 

Det Folk, som sat i myrke Natt / Og djupe Daudeskugge,
Dei saag ei Sol i Auster spratt / Med Ljos og Liv og Hugge.
Dei saag so stor ein Dag / Eit Ljos med ukjent Lag
Som yver Jordi rann, / Og lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 16

Dette er ein av dei få Blix-salmane der eg synest førsteutgåva er betre enn dei seinare revisjonane frå Blix si hand (sjå kommentaren til 1883-utgåva), sjølv om den nynorske språkforma enno var uferdig. Salmen fortener ein spesiell plass i soga om nynorsk kyrkjespråk. Det var nemleg den aller første salmen lesaren fekk auge på ved å opne det aller første vesle heftet av Nokre Salmar. Men noko langt liv fekk den ikkje. Alt på 1920-talet er den ute av salmebøkene, verken Landstads reviderte eller Nynorsk Salmebok hadde rom for den.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-, 1869-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 31.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?