<$BlogRSDUrl$>

13.12.04

Eksamen 

Kl. 15.49 i dag leverte eg eksamensmappa mi til det faglitterære forfattarstudiet. Eg kan vel ikkje seie her kva innhaldet er, alt skal vere så anonymt, berre med kandidatnummer i staden for namn. Sikkert ei overrasking for sensor Solveig Aareskjold, ho har følgt utviklinga av tekstane under fullt namn i heile haust.

Ja, ja, frå i morgon skal eg sitje på andre sida av eksamensbordet. Dei tre neste dagane skal eg eksaminere studentane mine i hebraisk. Atten av dei skal opp til muntleg prøve. Tru om dei ville oppleve det som ei trøyst å vite at eg òg har vore gjennom ein eksamen desse dagane? Heller mager trøyst, er eg redd.
# lagt inn 13.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?