<$BlogRSDUrl$>

9.12.04

Farsarv 

Så er eg heime att frå Trondheim, og alt gjekk vel. I dag har eg sett gjennom ein del arveskifte frå Gildeskål, særleg dei etter foreldra til Elias Blix, Peder Christoffersen (død 1839, skifte 1840) og Margrethe Christoffersdatter (død 1857, skifte same året). Eg rakk ikkje å skrive av noko særleg, så detaljane må vente til eg får kopiar frå Statsarkivet.

Men eit inntrykk kan eg formidle. Farsarven til fireåringen Elias Blix Pedersen omfatta mellom anna ei ku med namnet "Jylland" [SIC], ei "gl. Salmebog" (det vil seie Kingo), fire sigder, og ei mengd fiskeutstyr: Fleire torske- og sildegarn, for ikkje å snakke om alle linene.
# lagt inn 9.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?