<$BlogRSDUrl$>

30.12.04

Landbruksreiskap etc. 

Når det gjeld jernreiskap til gard og hus, har ikkje utstyret endra seg mykje mellom 1840- og 1857-skifta. Begge registreringane nemner ein plog, ei harv, ein (jern)spade, ein slipestein, ljåar (to i 1840, fem i 1857 - gamle er dei i begge tilfelle), grev (auke frå to til fire), to økser, ei sag, ein navar (eit bor). Fire sigder er nemnt i 1840 (men ikkje i 1857).

Dessutan er det ein slede (i 1857 er det blitt to gamle) og ei vogn ("Hjultrille" i 1840). Seks grinder har garden, og 200 kornstaur (i 1840. Dei minkar til 100 i 1857).

Vidare eit assortert utval skåler, holkar, dallar og anna utstyr til mjølk og mjølkeprodukt.

Og så må det nemnast at garden i 1857 hadde sitt eige "Møllebrug". Det var visst ikkje uvanleg å ha gardskvern.

Her er ikkje nemnt gjenstandar som skytevåpen eller revesaks. Det ser ikkje ut til at jakt eller fangst var nokon næringsveg i denne heimen. På land var det åker- og husdyrbruk som gav mat og klede.
# lagt inn 30.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?