<$BlogRSDUrl$>

9.12.04

Politikk 

Dessutan har eg avslutta gjennomgangen av Ole Richters korrespondanse i statsministeråra. Det er ei spesiell oppleving å bla seg fram gjennom ei historie du veit slutten på. Eg har vore gjennom dei ulike krisene i regjeringa Sverdrup, nokre meir kjende (som unionsforhandlingane 1885/1886 og nederlaget i soknerådssaka 1887) og nokre mindre kjende (som striden om utnemninga av professor i latin 1887-1888 - den einskilde saka som, trur eg, var sterkast medverkande til at Blix trekte seg frå regjeringa). Og ein kan ikkje unngå å kjenne korleis det svartnar for Richter mot slutten, i mai-juni 1888, til han ikkje ser annan utveg enn det fatale skotet i Ministerhotellet.

Mellom meir kuriøse funn kan eg nemne ei oversikt over bordplassering og meny ved regjeringsmiddagen i Stiftsgården, statsministerbustaden i Kristiania, 16. februar 1888. Dagen etter braut regjeringskrisa laus, og statsrådane Arctander, Astrup og Kildal gjekk av. Blix følgde eksempelet deira nokre få veker seinare.
# lagt inn 9.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?